Her er artikkelen:
Gjer business på sumobryting og boblefotball
Thomas og Benjamin tenar pengar på at andre har det gøy.
– Vi hadde lyst til å ha det moro og tena litt ekstra pengar, seier Thomas Marceliussen (24).
For berre to veker sidan starta han firmaet leierut.no saman med kompisen Benjamin Bruarøy (25). Saman leiger dei ut partyutstyr, boblefotball og sumodrakter.
Dei to sistnemnde er klart mest populære.
Dei tilbyr ein demonstrasjon på Kyrkjeflaten og ifører seg kvar si bobledrakt, blåst opp ved hjelp av medbrakt kompressor.
Benjamin let seg ikkje be to gonger, men kastar seg framover og sprett rundt som ein, bokstaveleg tala, ball.
– Det fine med desse draktene er ikkje berre at det er utruleg gøy, enten ein speler sjølv eller er publikum, men det er heller ingen fare for å skada seg. Heile kroppen er for godt polstra til det, forklarer dei.
– Så dette er det ideelle utstyret til innbitte 40-åringar som skader seg i bedriftsfotball?
– Ja, eigentleg, ler Thomas.
– Kva type kundar leiger boblefotball og sumo-drakter?
– Det typiske er utdrikningslag, firmafestar, bursdagsselskap eller andre som vil ha det gøy.
Sumo på Telthusplassen
Sist helg kunne alle som ville prøva sumobryting på Telthusplassen under Osdagane.
Dermed vart det mykje lått og løye hos både små og store.
– Ja, vi sprer mykje glede, og i tillegg tenar vi pengar. Det er heilt topp, ler Thomas.
Den matrosutdanna gründaren jobbar til dagleg på Steinsenteret i Kolskogen, medan kompanjong Bruarøy driv Bruarøy Budservice.
Det nye firmaet vart til fordi karane etter eige utsegn prøvde å «tenkja litt utanfor boksen».
– Vi ville satsa på noko som ikkje alle andre har, forklarer Benjamin.
Førebels er leierut.no berre ei bigeskjeft, men dei utelukkar ikkje at det kan veksa seg større.
– Vi får sjå kva respons vi får etter kvart. Enn så lenge er det greitt å ha ei ekstrainntekt.
No comments:
Post a Comment