Du kan lese artikkelen her:
Skapte sin eigen arbeidsplass
Ein god marknadsanalyse og ein god dose pågangsmot var det som skulle til for at Benjamin Bruarøy vart sjef i eige firma.
Han hadde eigentleg tenkt å studera i Bergen, men vart ikkje samd med seg sjølv om kva han fag han skulle velja. I staden valde den då 21 år gamle Benjamin Bruarøy å flytta heim att til Os og Øyane. Tanken var å finna seg ein jobb.
– Det mest nærliggjande var jo å få seg ein jobb i ein butikk eller liknande, men eg var ikkje så veldig motivert for det. I staden byrja eg å sysla med planane om å starta opp noko for meg sjølv, fortel 23-åringen.
Via kjente fekk han høyra at det var etterspurnad på bodbilar i Os. Hausten 2015 byrja han difor å rekna på korleis han kunne gjera ei slik næring til leveveg.
Laga marknadsanalyse
På vidaregåande gjekk Benjamin på salg og service. Det han lærte her, skulle visa seg å bli svært så nyttig denne hausten for to år sidan.
– Eg gjorde eit grundig stykke førearbeid og skreiv mange sider med forretningsplanar og idear. Etter kvart sette eg også opp oversikt over potensielle kundar og budsjett med oversikt over forventa inntekter og utgifter.
– Kor lang tid brukte du på å førebu deg?
– Fleire månader. Eg var ikkje i gang med sjølve drifta før godt ut på nyåret i 2016, fortel Bruarøy.
Då hadde han også fått foliert sin splitter nye bodbil med firmalogoen: Bruarøy Budservice AS.
Tok runden og helste
Men ein kjem ikkje langt i bodbil-tenesta utan kundar. Benjamin gjekk grundig til verks for å skaffa seg oppdragsgjevarar.
– Først av alt låg eg ut informasjon om tiltaket på Facebook. Deretter tok eg runden her på Os. Eg stakk innom ei kvar bedrift eg vurderte som potensielle kundar, helste på og fortalde om kva eg dreiv med.
Etter kvart som eg kom meg inn på marknaden og folk var nøgde med det eg gjorde, kom andre til som følgje av det dei hadde høyrt. Det vart ein positiv spiral, fortel Benjamin.
Den dag i dag er hovudgruppa av kundar framleis bedrifter i Os, men Benjamin køyrer også for ein del firma i Bergens-området.
Fører statistikk
Vel halvtanna år etter oppstarten kan 22-åringen frå Øyane fortelja om fine arbeidsdagar og godt med oppdrag.
– Eg har nok å gjera, men heller ikkje for mykje. Arbeidsdagen min er nett passe lange, og eg tener nok til å ta ut ei grei løn kvar månad, fortel han.
Alt første året gjekk det rundt, og vel så det. I år styrer Benjamin mot endå betre resultat.
– Eg fører månadleg statistikk og har difor god kontroll på utviklinga. Samanlikna med i fjor har dei fleste månadene i år vore betre, slår Benjamin fast.
Han kunne heilt sikkert jobba meir og tent meir om det var det som var målet. Men for Benjamin handla det heller om å finna ein jobb der han kunne styra det meste sjølv, utan å ta seg vatn over hovudet.
– Eg er glad i å trena og trenar nærast kvar einaste dag. Fritid er viktig, så eg trivst best med å ha vanleg arbeidstid, slik at ettermiddagen er fri.
Til dagen har han normalt to turar opp og ned til Bergen. Kor mange oppdrag det er på turane, varierer sjølvsagt ein del.
– På det meste har eg kanskje 8-10 leveringar, eller hentingar per tur.
– Korleis gjer du det med faktureringa og slikt?
– Den tek eg meg av sjølv. Eg har eit køyreoppdrags-ark som eg fyller ut for kvar dag, så tek eg faktureringa med jamne mellomrom, fortel han.
Verd å satsa
Benjamin kjem truleg ikkje til å køyra bodbil resten av livet, men er uansett veldig glad at han valde å ta sjansen.
– Eg har lært veldig mykje og fått enormt med kontaktar i bedriftslivet i Os og Bergen-området, men på sikt tenkjer eg kanskje å byrja å studera igjen.
– Så du vurderer ikkje å ta firmaet ditt vidare til nye høgder. Ekspandera, få fleire bilar og fleire tilsette?
– Nja, eg trur ikkje det. Marknaden er der, men då må det store investeringar til. Eg veit ikkje om eg vågar meg på det. Derimot kan det tenkjast at eg tilset ein i mi stilling medan eg sjølv byrjar å studera, slik at eg på den måten får halda liv i firmaet medan eg er borte.
– Vil du tilråda andre unge å ta sjansen å starta for seg sjølv?
– Ja, så absolutt. Det er utruleg lærerikt. Men det er viktig å vita kva ein kastar seg ut i. Ein god marknadsanalyse er ein viktig føresetnad. «Er det liv laga?», er eit spørsmål ein må ha postitivt svar på før ein set i gang, smiler Benjamin.
No comments:
Post a Comment